Ølmedal Mellom fjord og fjell i Ryfylke, 10 km aust for Vikedal finn du Ølmedal og Haugland Gard. Vertskapet Åse og Oddvar ynskjer velkommen! Her kan du oppleva gamledagars ferie i nærkontakt med dyr. Fiske i fjord og vatn. Båtar og kano kan leigast. Fiske i lakseelvar kan formidlast. Din personlege souvernir kan du laga sjølv i garden sin hobbyverkstad. Her finst steinslipeutstyr og instruksjon kan gis. "Bondegardsferie" gir kjennskap til tradisjon og kultur. Haugland Gard er ein slektsgard som har vore i familiens eige sidan omkring 1840. Det gamle gardshuset vart bygt i 1875 og har vore heimen for fire generasjonar. Huset har vore modernisert fleire gonger opp gjennom åra, men det er nå delvis restaurert og har ein atmosfære og interiør som gir inntrykk av leveforholda den gong i kontrast til våre dagar. Gamle bøker og eigedomsdokument kan synast fram. Det har levd folk her frå svært gamal tid. Nær gardstunet har ein gjort gravfunn frå vikingtida og endå funn som er datert frå kring 400 e.Kr. Desse gjenstandane er nå varetatt av Stavanger Arkeologiske Museum, men kopier og bilete kan synast fram. Overnatting "Gamlehuset" frå 1870. 70 m2. Delvis restaurert. Full komfort i gamal atmosfære. 6-7 personar i 3 soverom. Dusj/WC, satellitt TV, vedovn 2 hytter, 40 og 35 m2. 2 soverom + hems. 5 personar Stove m/kjøkkenkrok Leik med kano og båt i Ølmedalsvatnet. Venskap mellom born og dyr Trampoline - trim!! Steinsliping - ein fascinerande hobby Leik med kano og båt i Ølmedalsvatnet. Venskap mellom born og dyr Trampoline - trim!! Steinsliping - ein fascinerande hobby Haugland Gard N-5583 VIKEDAL Telefon: +47 52764762